Det er liten tvil om at vi brukar for mykje av jorda sine ressursar. Store delar av dette overforbruket er på ulike måtar kopla til private hushaldningar og har å gjere med daglegdagse ting som kva vi et, korleis vi bevegar oss rundt og kva vi har på oss. Det er forbrukarar i rike land som Norge som brukar klart mest, men forbruket blant framveksande middelklasser i mange delar av det såkalla globale Sør aukar raskt. Det hastar å skape meir berekraftige forbruksmønster. Dette handlar sjølvsagt om både handlingane og haldningane til kvar og ein av oss. Men det er ikkje nok å oppfordre enkeltmenneske til å endre åtferd. Nei, skal vi få til å gjere noko med forbruket må vi slutte å fokusere på den individuelle forbrukaren.
Besøksadresse
Eilert Sundts hus, 2. etg, Blokk B (kart)
Øvre Blindern
0317
OSLO