Krevjande navigering

Er kinesiske myndigheiter eit stort troll eller ein vennleg kjempe? Samfunnsgeografiske kinavitarar kan kjenne seg freista til å både svartmåle og rosemåle situasjonen for forsking i Kina.

Fra venstre: postdoktor Elin Sæther (foto: Tora Hope), stipendiat Marielle Stigum Gleiss (privatfoto) og ph.d. Heidi Østbø Haugen i samtale med Teriso frå Kongo i Guangzhou i Kina (foto: Pieter Van der Houwen).

Kina er ikkje det det ein gong var. I dag er ei rekkje tema som før var sensitive moglege å diskutere, som lokal korrupsjon og store ulukker. Likevel tviheld Kina på sin posisjon nedst på Reporterar utan grenser sin Press Freedom Index, i selskap med land som Iran, Nord-Korea og Syria. Grensene for ytringsfridommen er uklåre i Kina.

 

 

Paradoksal utvikling

Desse uklåre grensene kan ikkje berre føre til at kinesarane modererer sine eigne ytringar. Også utanlandske forskarar må navigere i eit skiftande landskap av sensitive og ikkje-sensitive tema.

– Nokre gongar føler ein at kinesiske myndigheiter er eit stort troll som følgjer med på alt ein gjer. Andre gonger verkar Kina omtrent som her, seier Marielle Stigum Gleiss, som er stipendiat ved Intistutt for sosiologi og samfunnsgeografi.

I tredje etasje i Harriet Holters hus finn ein ikkje mindre enn tre samfunnsgeografiske kina-vitarar. Medan Marielle snusar på organisasjonar som arbeider med interne arbeidsmigrantar, bruker stipendiat Heidi Østbø Haugen mesteparten av si tid på afrikanske entreprenørar i Kina. Eit par kontor bortanfor, fordjupar postdoktor i samfunnsgeografi, Elin Sæther, seg i kritisk kinesisk journalistikk.

 

Sensitiv magekjensle

Elin er einig i at dei flytande grensene for ytringsfridommen kan påverke forskarar som er interessert i kinesisk tematikk.

– Sjølvsensur blant kinaforskarar er noko vi diskuterer mykje og er innmari medvitne på. Det er openbart at ytringar kan få konsekvensar for tilgangen til landet. På den eine sida må forskarar vere forplikta til å vere ærlege om det dei finn ut. Viss ikkje er det ikkje noko meining i å halde på. På den andre sida er ein som forskar etisk forplikta til å ta omsyn til kva konsekvensar arbeidet kan få for informantane, meiner postdoktoren.

Elin forskar mellom anna på korleis kinesiske journalistar kanaliserer kritikk til offentlegheita. Ho tykkjer det er interessant å sjå korleis desse manøvrerer grensene for ytringsfridommen.

– Mange framstiller det som noko kroppsleg, som ei magekjensle. Særleg dei som arbeider med politisk sensitive tema vert veldig gode på å vite kva ein kan seie kvar og kortid.

Også Marielle har tiltru til kinesarane si magekjensle for sensitive tema.

– Kva tema som er sensitive kan avhenge av kvar ein er i landet, kven ein snakkar med, og kva som skjer i nyheitene på det tidspunktet. Informantar eg har teke kontakt med har møtt meg med alt frå skepsis, til opne armar og entusiasme over at nokon er interessert i deira situasjon. Eg har støtta meg til at informantane kjenner landskapet på ein heilt annan måte enn meg, og at dei dermed er best rusta til å avgjere om dei tek ein risiko ved å bidra i forskinga mi.

 

Kjeldevern vert viktig

Stipendiat Heidi Østbø Haugen disputerte i byrjinga av mars på si doktorgradsavhandling om kinesiske varer i Afrika og menneska som frakter dei dit. Ho er ueinig i påstandar om at forsking frå Kina er verdilaus på grunn av sjølvsensur.

– Der finst mange tema som ingen endå har tenkt på å merke som sensitive. I tillegg skjer det mykje spanande i akademisk forsking i Kina.

Ho opplever at dei uklåre grensene understrekar viktigheita av kjeldevern.

– Ein må vere ekstra nøye med å anonymisere kjeldene og hugse at det ein skriv kan bli lese av kven som helst. Eg har lurt på om eg har sagt for mykje nokre gongar, etter avisintervju i kinesiske media. Samstundes syns eg ikkje forskarar berre kan trekke seg vekk og vere usynlege. Vi må bidra til å nyansere biletet og skape ei mest mogleg riktig oppfatning av røynda, seier Heidi.

Korkje Heidi, Marielle eller Elin har opplevd at kinesiske myndigheiter har lagt seg opp i arbeidet deira. At informantar ikkje vil stille opp, er derimot ikkje så uvanleg.

– Nokre gongar kan det vere fordi dei ikkje er interessert i å bidra, til dømes fordi dei ikkje har noko forhold til akademisk forsking. Andre gongar kan det handle meir om mistillit eller frykt. Under feltarbeidet i Guangzhou har eg også opplevd at politi eller private vaktselskap har gitt uttrykk for at dei ikkje ønskjer den typen merksemd som ein forskar eller journalist kan bety, fortel Heidi.

 

Kulturelle kodar og flaks

Faren for sensur og sanksjonar er ikkje den einaste utfordringa for forskarar i Kina. Kanskje ikkje den største heller. I 1998 innsåg hovudfagsstudenten Elin at ho var analfabet. Ho kunne ikkje signere sitt eige namn, og fann ikkje seg sjølv att på klasselista ved Peking-universitetet.

– Den gongen kunne eg ikkje kinesisk, men administrasjonen insisterte på å oversetje namnet mitt og skrive det med kinesiske teikn. Eg innsåg kor utruleg tungvint det er å vere språklaus. For å forske i Kina måtte eg lære meg kinesisk – det var ingen veg utanom.

Marielle fortel om liknande erfaringar.

– Nokre dagar kan eg vere knallgod i kinesisk. Andre gongar kan eg sitje med ein snakkesaleg informant som legg ut i timevis, medan eg vrir hjernen for å klare å følgje med.

Også å navigere dei kulturelle kodane kan vere utfordrande.

– Guanxi – nettverk og relasjonar – er særleg viktige i Kina. Utan slike nettverk må du anten byggje det frå grunnen eller ha flaks for å finne informantar. Som forskar er ein til stades ein kort periode, og ein har ikkje moglegheit til å gje noko tilbake til alle som hjelper til. Dermed kan det vere vanskeleg å byggje dei gode nettverka, seier Marielle.

Men som utanlandsk forskar kan ein òg få nokre frikort. Som å sleppe unna slitsam småprat.

– Eg har nok tråkka i salaten eit par gongar. Til dømes er det god skikk å starte ein samtale med litt småprat. Eg er for det første ikkje glad i småprat generelt, og for det andre så er eg ikkje så god til å småprate på kinesisk. Dermed køyrer eg ofte rett på med intervjua, fortel Marielle, og konkluderer:

– Å vere utlending i Kina kan nok ha både ulemper og føremoner.

Av Tora Hope
Publisert 9. apr. 2013 12:48 - Sist endret 12. apr. 2013 14:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere