NTL varslar søksmål mot UiO for usakleg oppseiing

UNIFORUM: Norsk Tenestemannslag har varsla søksmål mot UiO for seks av dei tilsette i Norsk Ordbok, Det stadfestar forbundssekretær Siv Anita Hagen i NTL.

EIN KNEKK: NTL varslar søksmål mot UiO for seks av sine medlemar i Norsk Ordbok: – Etter den personalbehandlinga dei har fått, har tilliten til UiO no fått seg ein knekk, slår forbundssekretær Siv Anita Hagen i Norsk Tenestemannslag fast.

Dei seks NTL-medlemane i Norsk Ordbok meiner at dei har blitt usakleg oppsagde.

– Difor har me sendt varsel til UiO om at dei vil få ei stemning frå oss den 28. februar, stadfestar forbundssekretær Siv Anita Hagen i NTL overfor Uniforum.

– Me støttar dei i synet på at desse oppseiingane er usaklege, legg ho til.

Alle dei 23 tilsette i Norsk Ordbok fekk i juni i fjor varsel om at dei ville mista jobben frå 31. desember 2014. Grunngjevinga var at det var så langt fram det var pengar på budsjettet til Norsk Ordbok, sjølv om prosjektet etter planen skulle avsluttast 1. mars 2015.

– Ille

Frå nyttår blei oppseiinga av 23 tilsette i Norsk Ordbok gjort gjeldande. Nokre av dei har fått jobbar andre stader, medan seks av medlemane i NTL vil gå til søksmål mot UiO fordi dei meiner at oppseiingane ikkje har gått rett føre seg.

Førebels ventar Forskarforbundet sine tre medlemar i Norsk Ordbok med å varsla søksmål. Om dei gjer det, vil det seia at ni av dei tilsette i Norsk Ordbok er innstilte på å prøva saka si for Arbeidsretten.

Dei det gjeld, fekk formelt varselet om at dei ikkje lenger var tilsette ved UiO, siste fredag før jul. – Det synest eg er ille, for det bryt med alle reglar for god skikk og bruk i arbeidslivet, seier hovudstillitsvald Kristian Mollestad i Forskarforbundet til Uniforum

Norsk Tenestemannslag har derimot allereie sendt eit formelt brev til UiO som varslar om søksmålet. Ingen av dei seks det gjeld, ynskjer å stå fram med namn og bilete i Uniforum.

– I ein klinsj

Forbundssekretær Siv Anita Hagen har inntrykk av at dei tar det svært tungt.

– Det er bygt opp ein kompetanse over tiår, som universitetet no berre «kastar på dør». Begge departementa er svært tydelege på kva dei krev av UiO, medan universitetet er ute etter å prøva kor langt autonomien deira rekk. Våre medlemar kjem dermed i ein klinsj i denne knivinga mellom UiO og departementa, seier Siv Anita Hagen.

– Vil bruka pengane på «trendy» fag

Stortinget har vedtatt ei løyving på 3,3 millionar kroner til Norsk Ordbok for 2015. Kulturdepartementet kjem med strenge vilkår for kva desse pengane kan brukast til. I tillegg er det løyvd 400 000 kroner til arbeidet med å laga ei brukarrettleiing både for papirutgåva og nettutgåva av Norsk Ordbok.

Etter Hagens oppfatning meiner Universitetet i Oslo at dei kan bestemma sjølv kva oppgåver dei kan driva med, medan Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet står fast på at dei ikkje har høve til det.

– Inntrykket mitt er at universitetet vil bruka pengane på meir «trendy» fag enn på dei som steller med nynorsk og språksamlingar. Eit svært kompetent fagmiljø blir dermed spreidd for alle vindar når dei skal konkurrera med desse meir «trendy» områda. Dei er svært stolte av fagområdet sitt og har hatt stor tillit til UiO. Etter den personalbehandlinga dei har fått frå UiO, har denne tilliten no fått seg ein knekk, slår ho fast.

– Er dette ei god sak for omdømmet til UiO?

– Nei, på ingen måte. Universitetet kastar på båten ressursar og tid frå eit fagmiljø som UiO formelt overtok i 1972, og som fekk eit ekstra oppsving gjennom fleire økonomiske og menneskelege ressursar då prosjektet Norsk Ordbok 2014 blei starta for tolv år sidan.

Siv Anita Hagen forstår at mange allereie har søkt og fått nye jobbar andre stader. Dei seks NTL-medlemane som står igjen og som dei varslar søksmål for, har ho også stor respekt for.

– Dei som er igjen, har stor grad av lojalitet til universitetet og til faget. Me ser at dei har gode argument for at dei er blitt usakleg oppsagde, seier Siv Anita Hagen.

Reint formelt skjedde den endelege avgjerda då klagesakene frå dei tilsette blei handsama i møtet i Universitetsstyret i desember.

– Eg reagerer på at arbeidsgjevarsida var til stades under styrebehandlinga av klagesakene som gjeld medlemane våre, utan at me fekk tilbod om samtidig deltaking. Slik sett kan me ikkje unnlata å tenkja om dette fikk noko å seia for utfallet i klagesakene eller ikkje!, seier Siv Anita Hagen.

Uniforum har fått denne kommentaren frå UiO-rektor Ole Petter Ottersen om varselet om søksmålet frå Norsk Tenestemannslag. – Eg registrerer at NTL ynskjer å prøva denne saka i rettssystemet. Det vil difor ikkje vera ryddig av meg å kommentera nokre sider av denne saka no, skriv han i ein e-post.

 

Av Martin Toft
Publisert 22. jan. 2015 10:12