Samlar mjølketenner til forsking

Forskarar ved UiB er i full gang med å etablere ein biobank for mjølketenner. Denne veka arrangerer dei eit symposium for å diskutere korleis informasjonen i tannbanken best kan nyttast.

Mjølketenner er gode biomarkørar for miljøforureining, som til dømes tungmetall, fortel førsteamanuensis Helene Tvinnereim ved Institutt for klinisk odontologi, som leier arbeidet med tannbanken.

I tillegg kan tennene gje verdfull informasjon om ernæring og utvikling hos personen som har hatt tanna i munnen. Det er bakgrunnen for opprettinga av mjølketannbanken, som vart etablert i januar i år.

Publisert 5. mars 2008 14:06 - Sist endret 12. jan. 2009 15:27