Grevegilde på hytta!

Hald av helga 28-30 mars for då inviterar hyttestyret til Grevegilde!

Mange lurer kanskje på kva i alle dager Grevegilde er, og då kan vi
fortelle at det er ein tradisjonsrik hyttetur der vi meskar oss som ekte
grevar med god mat og drikke. Fredagen blir det god gammaldags hyttefest,
medan laurdagskvelden blir eit einaste stort gilde med mat som rømmegraut,
spekemat, laks, alt av tilbehør og sjølvsagt akevitt!

Prisen blir 110 kr pr natt og påmeldingslister er no hengt opp på det
Orale rom på PK, og i kantina på myra. Det blir raskt fullt, så her er det
førstemann til mølla. Påmeldingsfristen er torsdag 27. mars!

-Hyttestyret

Publisert 12. mars 2008 10:53 - Sist endret 12. jan. 2009 15:22