NTL vil stansa oppseiingsvarselet til dei tilsette i Norsk Ordbok

– NTL meiner at oppseiingsvarselet til dei 23 medarbeidarane i Norsk Ordbok må trekkjast tilbake, seier tilliltsvald Marianne Midthus Østby til Uniforum.

 

Saken er henta fra Uniforum.

Grunngjevinga for kravet er at UiO nett no ikkje har oversyn over kva oppgåver som fell bort, i kor stort omfang dei fell bort og frå kva tidspunkt dette vil gjelda. Det opplyser tillitsvald Marianne Midthus Østby i Tenestemannslaget ved UiO til Uniforum.

I førre veke blei det kjent gjennom Uniforum at UiO har sendt oppseiingsvarsel til alle dei 28 språkforskarane i Norsk Ordbok. To av dei vil gå av med pensjon i løpet av året, medan to har fått nye jobbar. I praksis blir det dermed 23 tilsette oppseiingsvarselet vil gjelda for. Grunngjevinga for avgjerda er at prosjektet skal avsluttast til nyttår, og dermed fell arbeidsoppgåvene bort. Prosjektdirektør Åse Wetås har likevel bede om å få ekstra finansiering for å få gjort ferdig lanseringsarbeidet med det tolvte og siste bandet, som vil vera ferdig i trykken i desember. Difor håpar ho at prosjektet kan halda fram til 1. mars. Førebels har ho ikkje fått lovnader om det frå UiO-leiinga.

Kulturdepartementet ville ha klare svar frå UiO

For kort tid sidan kunne Uniforum også melda at Kulturdepartementet krev klare svar frå UiO ved Det humanistiske fakultetet om kva planar det har for det vidare arbeidet med Norsk Ordbok og eventuell digitalisering av dei fire første banda. Departementet kravde også at Det humanistiske fakultetet kom med ei utgreiing om framtida til språksamlingane. Dessutan gjorde departementet det klart at pengane som er brukte til drift og lønn til Norsk Ordbok, er ein del av grunnløyvinga som Kunnskapsdepartementet overfører til UiO. Slik har det vore heilt sidan Norsk Ordbok blei overført frå Det Norske Samlaget til UiO i 1972.

– NTL er ueinig med konklusjonen frå UiO om at Norsk Ordbok er eksternt finansiert. Fagfeltet låg allereie på UiO då universitetet overtok dette ordboksarbeidet i 1972. Etter vår oppfatning er det ein naturleg del av språkforskinga til Universitetet i Oslo, seier Midthus Østby. Ho viser til at i 1972 og 1986 var Kulturvernavdelinga, som var finansiør, ein del av fagdepartementet som også UiO høyrde til under. Det faktum at  Kulturvernavdelinga i  2002 av politiske grunnar låg under Kulturdepartementet, gjer ikkje etter hennar meining denne koplinga svakare.

Meiner er eit internfinansiert prosjekt

– Dette er eit klart teikn på at Norsk Ordbok er eit internt og ikkje eit eksternt finansiert prosjekt. Det er viktig å få klarlagt dette, sidan tilsette i internt finansierte prosjekt har fleire rettar enn dei som er tilsette i eksternt finansierte prosjekt. For dei er dette spørsmålet avgjerande når det gjeld rett til ventelønn og fortrinnsrett til ledige stillingar i to år. Det er nemleg noko tilsette i eksternt finansierte prosjekt ikkje får, understrekar Marianne Midthus Østby i NTL-UiO.

Dersom prosjektet blir definert som internt finansiert, vil dei tilsette ha krav på ventelønn. Dei vil også få fortrinnsrett til andre stillingar i staten like lenge som ventelønna varer. Akkurat det spørsmålet blir vurdert individuelt utifrå alder og ansiennitet i staten, får Uniforum opplyst frå NTL.

- UiO bør ta sjansen

Rett nok peikar Marianne Midthus Østby på at Norsk Ordbok 2014 blei omorganisert og etablert som eit prosjekt i 2002.

– Dei som arbeider på prosjektet, driv likevel med ei av kjerneverksemdene til UiO. Dessutan eig UiO resultata og databasane til Norsk Ordbok, understrekar ho. Etter hennar meining bør UiO som arbeidsgjevar ta sjansen på at det blir løyvt pengar slik at det blir mogleg å gjera det naudsynte sluttarbeidet før lanseringa av det tolvte og siste bandet 1. mars 2015. – Det er ikkje dei trufaste og dyktige medarbeidarane i Norsk Ordbok som skal leva i denne uvissa. Om dei får eit oppseiingsvarsel som vil bli sett i verk frå 1. januar, og så bli hanka inn som mellombels tilsette like etterpå, vil det vera ei uverdig avslutning på eit så langt arbeidsforhold, tykkjer Marianne Midthus Østby.

Var i  drøftingsmøte med HF

Saka er no også komen på bordet til forbundskontoret til Norsk tenestemannslag. Også LO si juridiske avdeling er trekt inn for å vurdera denne saka.

– No vil me kjempa for og hjelpa dei åtte medlemane våre i Norsk Ordbok, lovar ho. Onsdag 4. juni var NTL i drøftingsmøte med UiO om situasjonen til dei tilsette i Norsk Ordbok. Då møtte HR-sjef Helga Reiss og jurist/seniorrådgjevar Greta Holm for Det humanistiske fakultetet.  I tillegg til dei hovudstillitsvalde frå NTL, stilte også tillitsvalde frå Forskarforbundet og Akademikarane opp på møtet.

Av Martin Toft (Uniforum)
Publisert 6. juni 2014 09:19