En fysikers bekjennelser

Dette har skjedd: Vår helt prøver å få snøskuteren til å gå og har fått våpenløyve av Sysselmannen. Sola er på veg tilbake, og dei som gjekk opp på Nordenskiöldtoppen fekk sjå lyset. Dei som gjekk til Trollsteinen måtte gå lett skuffa heim, med berre lange fine skibakkar dekte med nysnø ned til brakkene å trøysta seg med. I mellomtida har vinterlatskapen begynt å vika for vårlatskapen, utløyst av at 'natt' og 'dag' ikkje berre er nyttige konvensjonar lenger.

Det går altså, underleg nok, an å studera realfag på Svalbard. Dei
fleste studentane er europearar, men ikkje alle, til dømes ikkje
etiopiarane.

Det bur ca. 1600 sjeler i Longyearbyen, og 1400 snøskuterar. Turistar
og studentar kan identifiserast på at dei brukar beina eller sykkelen
for å koma seg fram. Ein fastbuande i høg nok alder bruker bil eller
snøskuter. Det er ca. mellom 50 og 200 studentar her, etter om du tel
om våren eller hausten og om du tek med korttidsstudentane.

For å ta det faglege: Det er fire hovudretningar på UNIS: Arktisk
geologi, arktisk biologi, arktisk geofysikk og arktisk teknologi.
Nokon kurs går heile semesteret, andre er intensivkurs på tre-fire
veker. Kva som er dei beste kursa kan målast på mange måtar, men
ekskursjonane er truleg den beste på mange måtar. Til dømes tek eg
kurs som går på øvre og midlare polare atmosfære og
observasjonsteknikkar. Veldig gode kurs med mange gjesteforelesarar,
men det meste foregår innandørs, eller i beste fall i ein
forskningsstasjon tjue minuttar unna med bil. Dei som derimot tek meir
bakkenære kurs, som oceanografi eller prosessar i snø og is, er gjerne
ute og leikar i båt eller på snøskuter ei veke eller to. Det er
veldig mange gjesteforelesarar på kursa her, slik at det er ekspertane
på kvart felt som foreleser dei ulike delane av kurset.

Kontakten mellom studentane og dei tilsette er veldig god, også etter
forelesingane. Eg trur det er veldig få institusjonar for høgare
utdanning på fastlandet der studentane og dei tilsette samlast rundt
peisen kvar fredag ettermiddag.

Men det er nok gratisreklame for UNIS, tilbake til reklamen for
resten.

Kva gjer studentane på når dei ein sjeldan gong kikkar opp frå bøkene?
Fyll er sjølvsagt ein slager også her, men det er ein del som har fått
opp augene for at det er ganske fine fjell rett bak brakka. Nokon av
oss har brukt opp siste rest av bankreserven på snøskuter, og vil ut
på tur så snart me har ei ledig stund og motor som vil. Når det ikkje
er tid til tur, er det mange som driv med annan form for idrett. Det
er ikkje nokon eigen studentidrett, men studentane dominerer fleire av
aktivitetane til Svalbard Turn, som t.d. volleyball, innebandy og
klatring. Sesongen opna med ei fotballturnering, som eit studentlag
vann. Høgdepunktet er for mange idrettsutvekslinga med russarane i
Barentsburg.

PÃ¥ Svalbard er det som kjent kaldt. Det stemmer til ei viss grad. Det
er ikkje spesielt varme sommarar her. Rekorden er på om lag 20 °C. Då
eg kom hit i august var det nokså stabilt 8 °C. Men haust- og
vintertemperaturane her er ikkje alltid spesielt låge. Til dømes var
det ei kald veke på fastlandet i desember, og då var Longyearbyen den
einaste staden på verkartet som hadde plussgrader. Derimot er det ofte
rikeleg med vind.

Svalbard er som kjent mørkt. Dette stemmer tolleg bra ca. fem månader
i slengen. Frå byrjinga av november til midt i februar er det ikkje
sol å sjå her, og i desember blir det også slutt på tussmørket. På
den andre sida er det midnattssol frå april til august. Men kva som er
mørkt, vil det visa seg, er ganske subjektivt. Me som var her i haust
syntest ikkje byrjinga av februar var så mørk, me såg jo skilnad på
natt og dag. Dessutan går det fint å gå på skitur på Larsbreen i
måneskin, og det skadar jo ikkje viss nordlyset trår til litt. Og inni
breholene er det jo mørkt likevel.

8. mars kjem sollyset ned i Longyeardalen, eller meir presist til den
gamle sjukehustrappa. Sjukehuset vart flytta for mange år sidan, men
trappa er framleis målestaven for når det er sol i dalen. Denne dagen
er slutten på Solfestveka. I byrjinga av veka er det Ta sjansen, ei
tradisjonell tilstelling etter modell av Oslo-varianten, men me brukar
sleder og fjellsider i staden for båtar.

Det er mange isbjørnar rundtomkring Svalbard. Tala varierer litt etter
kven ein trur på, men det er antakeleg mellom 2500 og 3000 dyr. Dei er
freda, men isbjørn som kjem for nære folk eller prøver å bryta seg inn
i hytter, spesielt hytter med folk i, blir vanlegvis avliva. Sidan det
rek isbjørnar rundtomkring her, må me ha med oss skytevåpen når me er
utanfor busetjingane. Så vidt eg veit er det ikkje så mange sivile
utdanningsinstitusjonar på fastlandet som gjev skyteopplæring til
studentane.

Sidan Realistforeningens medlemmer som kjent er glad i øl og annan
drikk med alkohol i, kan føljgande faktaopplysningar vera nyttige for
dei som vurderer å koma hit:

Alt er taxfree. Alkohol er rasjonert. Fastbuande får utdelt
rasjoneringskort, tilreisande må ta med seg flybilletten for å få
notert på kor stor del av kvoten som blir brukt. Semesterstudentar er
fastbuande. Cruiseskippassasjerar får ikkje kjøpt. Månadskvoten er:
24 stykk øl, ein halv liter heitvin eller annan drykk av tilsvarande
styrke, to liter brennevin, og fritt vinkjøp innanfor rimelege
grenser. Kvotane gjeld berre på alkoholutsala, ikkje på
skjenkestovene. Rasjoneringskortet er gyldig frå januar til
januar. Det var alt, takk for i dag.

Emneord: Husbjørnen 2003
Publisert 20. feb. 2003 17:22 - Sist endra 10. mars 2009 13:30