Oppslag framfor opplysning

Omkring nyttår trykte norske aviser mange artiklar om faren med bruk av utarma uran som antitankvåpen. Rapportar om KFOR-soldatar og FN-soldatar som døydde av leukemi etter å tjenestegjort førte debatten om seinskadar av uranstøv inn i dei store avisene og etermediene. Denne debatten har vore ført lenge i venstreradikale aviser, ikkje alltid med heilt gode fakta og kjeldekritikk. Av og til er artiklane gode, saklege og opplysande, av og til kjem det artiklar som minner mest om hysteri.

Kanskje dette hysteriet kjem av at radioaktivitet er usynleg og umerkeleg? Reinsdyrkjøtet smakte heilt likt før og etter Tsjernobyl. Kanskje du har fått ein stor dose i dag, utan at du veit det. Kanskje du døyr av kreft om fem år. Men redsle er inga orsaking for å vera ukritisk. Naturvitskap er ikkje enkelt å skjøna. Det trengst meir enn tjue spaltecentimeter for å forklara radioaktivitet godt nok. Ei midtside i VG er ikkje nok plass til å avgjera om små stråledosar frå utarma uran faktisk har skulda for kreft og fosterskadar i Irak, og kanskje i Kosovo om nokon år. Er det farlegare å bu i kjellaren og eta grønnsaker enn å bu på loftet og eta reinsdyrkjøt kvar dag? Kor mange nordmenn vil døy av kreft etter Tsjernobyl?

Radioaktiv stråling er ikkje eit enkelt tema. Effekten av store stråledosar er velkjent, men om små stråledosar er farlege på sikt er eit hett tema i biofysikken. Det er mange meiningar og mykje forskning, men det er likevel ikkje enkelt å finna noko eintydig svar. Me veit enno ikkje kva som er den øvre sikre grensa for radioaktiv stråling, viss ei slik finst.

Kjeldekritikken og unnskapsnivået i avisene om realfaglege emner er ofte lite imponerande. Kvifor er det slik, og kvifor kan det sjå ut som mange avisfolk synest det er greit at det er slik?

I dag klokka 12.15 i auditorium 5, Vilhelm Bjerknes' hus, held Martin Ystenes foredraget "Tsjernobyl og uranvåpen: Debatter hvor kunnskap er uønsket".

Ystenes er ein av dei mest kjende norske skeptikarane, og har i ei årrekke arbeidd for å spreia kunnskap til folket og motarbeida vankunne. Han er mest kjend for å ha gitt ut "Sprøytvarsleren", ei samling med dei mest hårreisande og latterlege påstandane i norske media. Han har mange artiklar
og mykje sprøytvarsel på http://www.vitenskap.com/, og han lovar meir i tida som kjem.

Emneord: Realfag og samfunn Av Åsmund Skjæveland
Publisert 21. feb. 2001 20:24 - Sist endra 10. mars 2009 13:31