Vårtur 2013 - Vårens vakreste gjennom Nordmarka

Fredag 24. mai

Dei kom frå alle kantar, nokre syklande, andre bilande til Hakadal, for å gje seg ut i den store skogen tri dagar til ende. Det var fyrst varsla regn heile helga, men våre inste bøner vart høyrde av dei høge makter og sola skein over oss, og det blenkte frå tallause sjøar for det meste, så alle såg ut som dei hadde vore på sydenferie då dei var heimkomne.

 

(Foto: Hanne Utigard)

 

Ein var så tidleg ute at han fekk kjenna på einsemda i dei djupe skogane i timevis. Andre kom etter kvart dragande på godsaker og naudsynte praktiske hjelpemiddel. Etter å ha lauga seg i det friske vatnet i Katnosdammen, starta den førefarne med grautkokinga.

 

(Foto: Leiv Skorgen)

 

Nokre trakka langvegs frå, somme såg hoggorm undervegs og nokre såg ikkje avstikkaren frå vegen og sykla litt lenger. Då dei slitne og glade nådde fyrste soveplassen, stod grauten klar og fenalåret var skore. Alt smakte framifrå herleg! Og praten og skratten gjalla høgt under taket.

Såvart det padling på vatnet, medan sola farga himmelkvelven raud. Dernest heldt festinga fram inn i dei nattsvarte timane for somme, medan andre fann det best å finna sengjehalmen med tanke på bakkane dagen etter.

 

(Foto: Hanne Utigard)

 

Laurdag 25. mai

Og den andre dagen rann med sol over landet, vatn og folk (somme laugande, andre angrande). Og den gode låtten heldt fram ved morgonmaten – og kaffien var klar og livet var ikkje det verste. Utan angst eller redsle fór dei alle vidare over bakkar og berg, uforferda møtande alle slag freistingar med det same gode modet.

 

(Foto: Leiv Skorgen)

 

I dei herlegaste omgivnader kunne dei nyta ei vel fortent rast. Nokre gonger er det heilt ålreit! Om morgonen, på sykkel og – ja, i livet for så vidt. Så trakka dei tappert vidare opp og ned dei brattaste bakkar, gjennom dei trongaste dalar og djupaste skogar – til dei atter nådde fram til folk (og ei svane på reir) i det ljuve Lunner. Der var eit herleg utsyn over grøne åkrar og raudmåla gardstun. Lette var me på foten fram til det trivelege Lundar ved jernbanelinja.

 

(Foto: Marianne Nordby)

 

(Foto: Leiv Skorgen)

 

Dei var ikkje vakre å sjå, men smaka framifrå for dei fleste, smalhova! Andre tok til takke med vossakorv eller grøntfór med same hugen. Lang var køen til avtredet, men tolmodet var lengre. Nokre prata i lag i sola på terrassen, somme sette opp telt, andre fiksa og trimma farkosten – og somme sovna mens dei venta.

 

(Foto: Leiv Skorgen)

 

Så kom høgdepunktet på reisa: kulturen. Ved kåsør, forfattar og trubadur Stein Buan frå Roa. Me fekk høyra om livet langs linja med ord og song, så me mest høyrde slegga syngja i berget og armane kjende det dirra frå hammarslag mot meisel. Stemmebanda og lattermusklane vart òg mosjonerte. Romantikk blei det også litt tå. At sosialismen ikkje var daud, blei me òg minte på, i desse tider når marknadsliberalismen herjar land og folk. Her fekk me mat for sjela ikkje berre ved slit og strev, men gjennom sinn og hug.

 

(Foto: Hanne Utigard)

 

Stemninga heldt seg høg i dei små timar for somme, medan dei med tankar for framtida låg og sov. 

 

(Foto: Hanne Utigard)

 

Sundag 26. mai

Og så livna det i Lundar, og me vakna til atter ein dag med verda synande frå si beste side. Og etter god mat og prat ute på terrassen var me atter klare til nye strabasar.

 

(Foto: Leiv Skorgen)

(Foto: Marianne Nordby)

 

Og mest rett til himmels fór dei, eit tungt trakk om gongen på lettaste gir, til dei atter såg ’slike berg og dalar’ og kunne nyta vidsynet over skog og sjøar og plassar ’der ingen skulle tru at nokon kunne bu’. Utfor bar det òg, fri som fuglen. Dei flaug, dei sveitta, sola brann, dei prata, dei lauga seg gong på gong, dei pusta og pesa i bakkane, musklane svulma (så ein knapt fekk på beintøyet heimkomen!), dei rista og skaka, hjula trilla jamt og trutt og utan svikt, dei såg kulturminne, høyrde bekkar brusa og såg tjern fylte til brestepunktet, fekk vind i håret og fuglesong i øyra, kva meir kan ein ynskja seg?

 

(Foto: Leiv Skorgen)

 

Og så kjem stunda ein ikkje kan sleppa frå, avskilsstunda. Me skulle atter fara til fleire kantar. Nokre ville ha meir og tok den lange vegen heim, med meir mat, sol og vatn. Andre hadde lang veg heim og måtte ta av litt før. Om avskilet var tungt, var gleda over det ein hadde meistra og vunne over i lag, stor – og vissa om at det der framme ein plass ventar ein ny tur i lag, nye utfordingar, trøysta godt.

 

(Foto: Leiv Skorgen)

 

We’ll meet again, don’t know where, don’t know when, but I know we’ll meet again some sunny day!

 

(Foto: Hanne Utigard)

 

Ført i pennen av Mark og retta med raudblyanten av Alv Reidar – turoperatørane 

 

(Foto: Hanne Utigard)

 

Publisert 3. juni 2013 10:40 - Sist endret 4. juni 2013 08:45