Lillehammer-Oslo 2012 - Øystein

Eg har aldri vore med på nokon lengre landevegsritt i formasjon før, så når Lars etter  lunsj ein dag, der sykling og sykkel hadde vore tema over bordet, spurte om eg ikkje  kunne tenkje meg å vera med UiO-BIL sitt lag på Lillehammer-Oslo aksepterte eg på staden med ein solid klump i halsen. Triatlonsykling kan eg skjøna meg på: hald ekstra høg takt så beina ikkje stivnar til du skal ut og springe, pass på å ligga den reglementerte  avstanden bak folk, ingen tråtak medan du blir forbikøyrd og bruk ikkje meir tid enn reglane gjer deg når du sjølv skal forbi nokon. Landevegssykling er eit anna beist. Frå einsom majestet til lagspelar i tett formasjon i høg fart. Er eg ein gong i god nok  form til å halda tritt med dei andre..? Eg visst godt at fleire av dei andre som  skulle vera med var i skremmande god form. Ein kjapp hodereikning: om målet skulle vera seks timar, måtte me halda litt i overkant av tretti kilometer i timen i snitt. Eg klarte greit å halda ein slik fart på eigen hand opp og ned Nittedal. Men fem mil er under ein tredjedel av den avstanden me skulle sykla. Det fikk brista eller bæra; i tillegg ville eit ritt av denne typen med denne avstanden passa perfekt med trenings- planen for Ironman 70.3-triatlonet i Haugesund den 8. juli som treningstopp før nedtrappinga.

Ein annan ting som passa perfekt, var intensjonen min om å drastisk auke sykkeltreninga i forhold til løping og symjing. Etter å ha stivna ganske grundig på dei fyrste kilometra av løpinga året før, hadde litt research overtygd meg om at det eg trengte var å gjere beina seigare på syklinga heller enn å fokusere på løpinga. Ein ekstra grunn til å trene meir sykkel var altså perfekt.

Opptreninga gjekk mest på eigen hand, slik det gjerne blir når ein er småbarnspappa med jobb attåt: du trener når du har tid, det vil seie at nokon timeplan er umogleg å halda styr på oppi tidskaoset. Nokre fellestreningar med bakkekøyring opp til Grefsenkollen og  opp til Grua i formasjon blei det allikevel tid til, men resten gjekk på eigen hand.  Eg vurderte litt kva sykkel eg skulle halda hovedmengden av treninga på: triatlonsykkelen min eller landevegssykkelen? Til slutt endte eg vel opp med om lag halvparten på kvar. Som ein ekstra positiv bonus klarte eg å halde løpstreninga nokon lunde i gang sjølv om eg auka sykkelmengden drastisk.

Kvelden før rittet samla me heile gjengen hjå Lars for pasta og taktikkdiskusjon. Jentungen ville ikkje la seg legga tidleg den kvelden, så mesteparten av taktikkdelen gjekk eg glipp av (sjølv om dei andre var snille og sparte ein tallerken med tagliatelle til meg). Eg  kom kjapt til den konklusjonen at eg 1. skulle ta det forsiktig og 2. skulle prøve så godt som mogleg å ta min tid i forkant av rekka. Eg ønska dei andre lukke til, og satte meg til heime i stua med ein solid kveldsmat og såg "En Forårsdag i Helvede" ein siste gong for å hente inspirasjon frå Dei Gamle.

Neste morgon var vekkarklokka satt til halv fem. Sjangla ut i kjøkkenet og steike seg  ein panne med ris og egg. Pakka fire doble smørbrød smurt tjukt med tahini og druesirup,  eit Smart Påfunn(tm) eg hadde. Tahini og druesirup er ein slags tyrkisk supermat som inneheld latterlege mengder kaloriar og mineral som dei visstnok har ete i århundrer oppe i dei  anatoliske fjella vinterstid for å klara å halda tritt med kaloriforbruket i kulda.  Godt nok for ein tyrkisk gjetar er godt nok for meg. Om det er den smartaste tingen i verda å eksperimentera med mat på eit lengre ritt kan ein diskutera (dette siste er ukorrekt: det er ingen diskusjon, det er, sagt på godt stavangersk, skamteit).  I morgongryninga trilla eg ned Gamle Trondheimsveg mot Operaen. Traff etter kvart dei andre som skulle ta bussen, og me rulla avgårde. Herregud så langt det er, skal eg sykle heile denne strekninga?! I det minste var eg ikkje aleine om å vera trøytt, den polske bussjåføren var ein halv dekkbredde frå å køyra utfor vegen rett før me kom til Biri...

Lasta ut på Lillehammer og fann vegen bort til hallen der me henta startnummer og gjorde oss klare. Laget fikk samla seg etter kvart, limte lappar, henta vatn, gjorde unna halvnervøse dobesøk i den eviglange køen og sjekka lufttrykk. Eg handla meg eit par mandelstenger og ein cola og stappa ned i trøya. Alt klart, stemninga var god og ivrig. Eg byrja faktisk smått å glede meg til rittet. Me rulla ned til startområdet når ein brått fann ut at han måtte pumpe luft, og skynda seg attende til teknisk sjekk. Minutta gjekk og det blei vår tur til å ta oppstilling for start. Kvar blir han av?! Stemninga blei smått panisk når han brått dukka opp, sekund før startskotet gjekk. Den første kilometeren er berre nedoverbakke som me prøvde å koma  gjennom kvar og ein som best me kunne - noko forsøk på å få inn formasjonen alt her var nyttelaust. Etter den fyrste mila var me godt samla og kunne raskt konstatere at dei rekkene som låg føre oss var langt unna det tempoet me hadde tenkt å halda. Kaptein Even får etter kvart ordna oss på rekke, som ein Border Collie jobbar han seg fram og attende i feltet for å halda oversikta.

Før avreise hadde eg merka meg at eg hadde gløymd å lade batteriet til den fancy Garmin-pulsklokka mi med triatlonfunksjon, så den gjekk i sekken attende til Økern, og alt eg hadde å ty til var den gamle sykkelcomputeren med sterkt variabel presisjon som eg fekk med sykkelen. Men at  den var såpass ute på jordet..? Den målte jo tre-fire km/t for mykje, minst! Ikkje før hadde  eg tenkt tanken, så slo det meg: det var faktisk så mykje lettare når du ligg i lang rekke!  Med berre Bjarte foran meg oppover mot Hakadal hadde bakken virka lang og seig, men no var det verkeleg sving over sakane! Kjensla av å bli hjulpe fram såpass mykje av berre dei andre løfta stemninga mi, og etter ein lang og herleg nedstigning mot brua over Mjøsa var moralen  ganske høg.

På veg over brua formanar kaptein Even oss til å auke tempoet - godt over 30 på flatene  og så tek me stigningane så bra me kan. Me har fått med oss nokre følgesvener som ikkje held heilt det same tempoet som oss, og me treng å jobbe oss inn mot tidsplanen. Den lengste klatringa står framføre oss. Eg legg meg så godt som eg kan over rattet og vekslar mellom å sitte og stå, med høgare og lågare gir, for å få litt variasjon for beina. Tempoet er greit for meg, eg kjenner meg i godt lage, og over toppen tek eg den fyrste av brødskivene. Lite veit eg at det har vore nokre krapyl og strødd teiknestift i vegen, kven veit koss det hadde  gått om eg hadde fått ein dekkeksplosjon i 60-70 km/t med berre ein hand på rattet? Nokre kilometer til, og me kjem til den fyrste matstasjonen. Hoppar av sykkelen med skjelvande,  men sterke og varme, bein, og vinglar ned i kjellaren til pissoaret. Toppe med litt vatn, og kaste seg på sykkelen att. Nokre fleire stigningar opp før me rullar nedover mot Gjøvik. Eg drit meg ut i ein bakke når eg ligg i front og hamnar nesten ein kilometer foran dei andre. Eg driv og speidar etter dei når eit ekspresstog nærmar seg bakfrå - "HOLD HØYRE! HOLD HØYRE!" Nølande vert eg brått forbikøyrd og ein hissig stemme bjeffar gjennom eit Dopplerfilter "DU SKAL HOLDE HØYRE!!!" i det dei blæs forbi. Rødmande la grønskollingen seg nøye ut mot høgre og venta på dei andre. Me driv gjennom Gjøvik, og eg merkar at tida og kilometra går unna. Tempoet er heilt på grensa for tidsplanen, fortel hodereikninga meg, men "gratispassasjerane" sinkar oss nok litt. Bjarte ligg som eit godstog i front når han kan, og prøvar så godt det let seg gjera å få opp tempoet til andre. Dette er sykkelsport. Eg merkar at eg nyt kjensla av vegen, lufta og jobbinga. Eg et og drikk jamnt. Dette går bra!

Nedover mot Minnesund merkar eg allikevel ei kløe. Beina byrjar å gå stivare og stivare. Eit anna skår i gleden er at himmelen blir mørkare og dei fyrste dråpene av det varsla regnvèret. Eg gumlar i meg eit par brødskiver til så raskt eg kan før rotbløyta kjem og dukar nakken i det me forlet Mjøstraktene og byrjar inntoget til Romerike. Held tidsplanen? Eg er ikkje lenger med, for mykje hodereikning og det massive konsentrasjons- arbeidet som sykling tett i tett i høg fart inneber har gjort hjernen nummen og seig.  Forbi Eidsvoll dukkar neste matestasjon opp, eg legg meg på Øyvind i det rekka sprekk opp litt inn den siste kilometeren. Mot det brutale tempoet hans melder låra mine pass, og krampar seg til kraftig. Eg klynkar i smerte og reiser meg opp frå setet for å strekke på streikande lårstrekkarar, i det eg stig av i mateområdet kjem krampa brått nok ein gong. Ein kjapp pisserunde, nokre slurkar med vatn og hurtig kriseuttøying medan dei andre  styrar. Lars er ikkje med ut frå stasjonen, merkar me etter kvart - han har punktert.  Even piskar oss vidare. I vekslande vêr på Romerikes kuperte vegar finn eg att litt av godstemninga, kilometerteljaren oppmuntrar meg og eg tek knekken på colaflaska.

Ein stad millom Jessheim og Kløfta, eg registrerte knapt nok at me var på Jessheim før eg såg krysset over E6, treff regnet oss for fullt. Eg finn fram mitt beste hatetryne, colaflaska gjorde meg ikkje særskild godt og magen er vond og uggen.  Regnet plaskar ned, og det kjem like mykje frå oven som nedanfrå - det er så mykje vatn på vegen at me drar opp stor sprut frå bakhjulet. Entusiastar på terrengsykkel som tek Eidsvoll-Oslo blir forbipassert den eine etter den andre. Lite trafikk ellers, så dei er ikkje i vegen for oss. Kløfta blir passert. No er det ikkje lange vegen.  Øyvind gjer meg nokre oppmuntrande ord i regnet, og humøret løftar seg litt att. Regnet kjem på sitt tyngste mot Frogner. Alt er vått. Å ete no kan ein berre gløyma. I det me skal ta til med Frognerbakkene dempar det seg litt att. No er det verkeleg låra skal få køyrd seg. Eg vekslar nitid mellom å stå og sitta, heile tida med krampen i nakken. No er det berre eg som kan redda meg sjølv, klarar eg meg gjennom denne klatringa skal eg alltids klare å lide meg gjennom den siste bakken opp E6 før me svingar inn på Østre Aker for sluttspurten. Bakkane tek aldri slutt. Skedsmokorset forsvinn berre i hukommelsen, før eg brått merkar at eg og ein annan i teten - er det Jarle? - tek  feil i ein sving når funksjonæren som skal vinke oss over mot Olavsgård er eit halvt sekund for sein. Me kranglar oss over feltet mellom irriterte bilistar og finn att rekka vår før me svingar av til E6. Tidsplanen er kritisk ute no. Oppstigninga den siste bakken byrjar. Eg tek mesteparten ståande, sett eg meg no er eg redd baksida av låra mine er tapt. Muntre tilskodarar har satt seg til i vegkanten og heier på oss, eg helser og smilar og kjenner humøret løfte seg. Umedvite har eg kanskje alt no kasta tidsplanen på båten, sola som tittar fram mellom regndråpane og den gode kjensla av sliten kropp som enno har meir å gje er brått viktigare for meg enn nokon stoppeklokke.

Over toppen skjer det noko - den manglande fellestreninga straffar seg i det rekka sprekk  opp og Even får eit helsike med å samle troppene att. Me surrar litt før me endeleg får satt inn sluttspurten, oppover riksveg 163 syklar me om kapp med forvirra bilar i venstre felt. Eg kjenner styrken vende attende i meg, og tråkkar det eg er god for. Jarle driv forbi, eg gjer han "metalteiknet" med fingrane og skrik ut: "Balls to the wall!" Eg veit ikkje om han tok Accept-referansen heilt. Ein siste runde, ein bratt bakke opp og så... eg sett meg opp i sykkelen og spurtar forbi Even i spissen for rekka. Eg måtte berre, som den tufsen eg er. Ein hårsbredd over seks timar. Eg stig av sykkelen, kjenner på beina mine og seier til Bjarte: "No kan du starte å springa maraton!" - sykkel- delen av eit fulldistanse-triatlon er på 18 mil. Ikkje heilt enno, nei. Men eg kunne  ha sprunge vidare, utan å vita kor lenge. Okke som tek eg T-banen heim att, planen min om å tråkke dei fire-fem kilometra heim til Ammerud på den fine sykkelstien langsmed T-banelinja, som ein slags seiersrunde, seier låra mine klart frå om at eg berre kan ta rennfart og drite i.

Kunne me klart sekstimaren? Utan tvil, i alle fall for min eigen del. Kraftigare disiplin på dei som var i rekka hadde gjort stor skilnad, i det me tok inn "framandfolket" så mista me òg ein god del tid på at dei holdt alt for lågt tempo etter vår tidsplan. Neste år, garantert.

 

Av Øystein Larsen
Publisert 2. okt. 2012 08:39