Jotunheimen rundt 2012 - Bjarte

Start: Lærdal 6. Juli kl. 21:00 Mål: Sogndal 7. Juli ca. kl. 15:40 Tid: 17:52:55 Km: 430 km Høgdemeter: 4609 m. Høgaste punkt: Sognefjellsvegen 1440 m.o.h. Vær: Skya og oppholdsvær, nesten ikkje vind. 24C v/start Klær: Sykla i kortbukse heile natta og berre lause armar/bein + vindjakke i trøyelomma.

Eit fantastisk arrangement av Sogn Sykkelklubb! Dette er eit ritt å anbefale til (nesten) alle :) :)  Lokale heltar på alle matstasjonane som har fantastisk service både natt og dag.

Pulje kl.21.00 klar til start

Var aleine frå UiOBIL i rittet så før start var eg veldig nærvøs for korleis dette skulle gå. Været var jo perfekt så bestemte meg for å trø til frå start. Det fikk ”bære eller briste” og prøve å holde meg i ei eller anna gruppe gjennom rittet. Det gjekk fort opp forbi Borgund fram til eg sykla i ein dump og mista drikkeflaska mi. Herregud, var jo nøydt til å ha 2 stk. literflasker så denne måtte eg ha med meg. Så det var berre å stoppe og snu tilbake for å hente den..grrrr.

Tilbake på vegen igjen så var feltet vekke. Shit! Vi var 4 etternølarar som hadde hatt problem av ymse slag men saman så kjørte vi rulle oppover til toppen av Filefjell.

Der vart vi tatt igjen av ei mega-­‐stor gruppe syklistar som starta 10 min. etter meg. Hu-­‐hei her gjekk det unna og heldt fylgje med dei til den fyrste

matstasjonen. Prøvde å få i meg litt mat her men fan det gjekk ikkje… fekk ikkje svelt ned! Følte at eg hadde ei propp i halsen eller i brystkassa, kva var dette?

Prøvde å hoste men ”proppen” ville verken opp eller ned, shit det gjekk sikkert over så kasta meg på sykkelen igjen. Sykla vidare i lag med 2 stk. frå Frøy og ei dame frå Rye. Dette var den same dama som eg hadde sykla med opp Filefjell – aldri sett så gjennomtrent kropp. Blodårane låg jo utanpå leggane. Etter ei mil så kjem ei gruppe på 10 syklistar frå Team Jæren, dæven her gjekk det fort! Vi sykla i perfekt rulle i eit fantastisk tempo. Dei vi tok igjen og som ikkje ytte sin del i front fikk beskjed av kapteinen om å hekte seg av. Dette var ikkje gruppa for ”gratispassasjerar” Det vart svarte natta og alle hadde lys (front/bak) og farten var loveleg stor for meg men kva skulle eg gjere? Kunne ikkje hekte meg av for då vart eg trillandes aleine så bestemte meg for å stå på til matstasjonen v/Fagernes for så å vurdere tilstanden der. Rulla gjekk perfekt i 2 rekker og farten var høg. I 2 timar var snittfarten 34 km/t og med 55km/t på det meste i flatt terreng.

Matstasjonen Fagernes: kun Cola og appelsin er mogeleg å få ned alt anna er umogeleg å svelga.

 

Reddande engel!

Ut frå matstasjonen etter dei andre og skjønte at dette kom til å verte ein tøff etappe opp til Beitostølen. Svarte natta, aleine, sliten, kvalm, det trilla saktare og saktare eg gjekk i kjellaren, under kjellaren hmm.. -­‐ der var det fint å sove under den busken der – eller kanskje der – eller der ja der er det fint. Berre 5 min…

Så sakte opp på sida kom ein frå CK Toten-­‐Tråkk  som seier ”det er merkelig 1 km/t er nok til å sykle fra en annen syklist” så forsvann han. Han måtte eg berre henge på! Tråkka som gal og fekk kontakt med bakhjulet, ahhh deilig! Mista bakhjulet å nei! Tankane om å legge seg ned under eit tre kom tilbake ”fan Bjarte skjerp deg dette er jo din skytsengel” CK Toten-­‐Tråkk held dei destruktive tankane vekke! Står på sykkelen og trør som f.. og endeleg kontakt ikkje mist det hjulet! Yes Beitostølen, cola, appelsin! Min ”skytsengel” snur seg og seier ”mitt beste tips hold deg ilag med ei gruppe frå Beitostølen til Lom, då kan du få ei god tid, opp Sognefjellet kan ei ta aleine” han ser mot ei stor gruppe som legg ut og setter seg på sykkelen. Kva f… så fort! Eg er på sykkelen og har kontakt med bakhjulet og sakte sakte så drar han meg opp i gruppa, fantastisk! Ligg midt i det store feltet over Valdresflya til Lemonsjøen (matstasjon) og ned til Vågå og Lom.Prøver meg på gryteretten på Lom men ”niks” den går rett i søpla. Tilbake til Cola og appelsin for klumpen i brystet vil fan ikkje vekk. Sykla ut frå Lom aleine og mot Sognefjellet. Innover Bøverdalen vert eg tatt att av Bergen Brannvesen og ei gruppe frå CK Toten-­‐Tråkk.  Skulle eg orke å henge på? Gud eg var kvalm! Å nei herregud eg må kaste opp. Kan ikkje stoppe no….kaster opp men det er jo berre luft (det smakar Gel ….akkurat det var den som eg tok på veg opp Filefjel som hadde sett seg fast i spiserøret…aldri meir Gel etter dette.) Gud – proppa i brystet er vekke! Yes, yes, yes eg er som ny! Endeleg kan eg ete energibarene. Gruppa vert tatt att og eg kjenner meg kvikkare og raskare i beina. Har gruppa slakka på farten eller? Eit par mil før foten av Sognefjellet bestemmer eg meg for å ta fjellet aleine. Aldri hatt ei så flott og lett reise og endå fleire syklistar som vert lagt bak meg.

 

På toppen av Sognefjellet var det vaffelstopp, eg tok tre med ekte rømme, å himmelsk! På sykkelen igjen og siste etappe Sogndal. Ingen grupper har komme opp og det ser ut til at ingen av dei som er her er intr. i å starte så syklar aleine ut frå matstasjonen. Ned stupbratte Sognefjellet mot Turtagrø bremser eg vekselvis med fram/bakbrems (unngå vargang i felg) men tross det ny fartsrekord med 83km/t. Ingen av dei som eg trefte var intr. i å samarbeide mot mål så tråkka det eg hadde aleine. Ein nydeleg dag med sol frå skyfri himmel og det grøne brevatnet, så eg dundra ned mot fjorden. Opp Hafslobakkane (10 seige kilometer oppover) så skjønte eg at eg ville komme inn under 18 timar, stod på sykkelen og trødde med tunge gear nesten over evne. Mi beste tid ever! Sykla igjennom Sogndal sentrum med eit stort smil om munnen og i mål stod fruen, svigermor, svigerinne og venta med grillmat og iskald Hansa!

NESTE ÅR ER DE MED FOLKENS!!!

 

Nesten på toppen av Sognefjellet kl. 10:30 og ca. 4 og ein halv tima att mot mål.
Publisert 11. des. 2018 12:31 - Sist endret 11. des. 2018 12:31