Korleis bli medlem?
For å bli medlem av medicinerforeininga må du gjere to ting:
- Sende ein epost til sekretæren vår, Victoria [vickydb(a)live.no],
med NAMN, EPOSTADRESSE, KULL og TELEFONNUMMER.
- Betale medlemsavgifta på 400 kroner til kontoen vår: 6094.05.47116
Hugs å merke betalinga med namnet ditt!
Kva er ein medlem?
Det finst to typar medlemskap i MF:
- Passiv medlem: passiv medlem blir ein automatisk når ein melder seg inn i MF.
- Aktiv medlem: man blir aktiv medlem ved å gjennomføre foetustenesta (sjå lengre nede på sida)
Medlemsfordelar:
- Alle MF-medlemmer kjem gratis inn på dei fleste MF-arrangementa. Dei får òg rabatt på dei dyrare arrangementa som til dømes Medisinske vinterleikar (MVL) og Bal Medicorum.
Aktive medlemmer får i tillegg til dette følgande ekstragode:
- Moglegheita til å vere med på hyttetur og andre arrangement som berre er åpne for aktive medlemmer
- Billigare øl i Anestesien
Foetustenesta
Dei fleste av våre medlemmer vel å gjennomføre foetustenesta, ikkje berre fordi ein etter fullført teneste kan nyte fordelane ved å vere aktiv medlem, men òg fordi foetustenesta er ein ypparleg måte å bli kjent med nye kullkameratar på.
Som foetus får ein mellom anna moglegheit til å vere med på den berykta MF-hytteturen på starten av semesteret!
Som foetus melder du deg inn i ei av våre undergrupper:
- Kos-gruppa
- DJ-gruppa
- Fag- og kulturgruppa
- PR-gruppa
- Bar-gruppa
I laupet av semesteret får du tildelt to til tre oppgåver. Kva dette innebær avheng av kva for gruppe du har meldt deg inn. Dei fleste får ei oppgåve i gruppa si, samt ei oppgåve med vakthold eller vasking i Anestesien.
Gruppeoppgåvene kan til dømes vere å stå i baren på eit av våre mange arrangement (bar-gruppa), eller å lage quiz til ein quiz-kveld (FK-gruppa) sammen med andre gruppemedlemmer.
Når du har fullført oppgåvene dine er du aktiv medlem!
Som aktiv medlem kan du halde fram med å bidra i den grad du sjølv ønsker: i gruppa du var foetus i, i ei anna gruppe, i styret eller å bare vere med for hyggens del.