print logo

Slutten på antibiotika?

Foredrag om antibiotika med infeksjonsmedisinar Dag Berild

Antibiotikaresistente infeksjonar tek fleire og fleire liv for kvart år som går. Vil all antibiotikabehandling til slutt vere uvirksom? Når vil dette skje? Kva kan vi gjere for å forhindre eller forsinke dette? Og kvifor ordinerer legar for mykje antibiotika når dei burde vite betre? 

MF har invitert infeksjonsmedisinar Dag Berild og allmennmedisinar Sigurd Høye til å halde eit foredrag om dette høgaktuelle temaet. 

Foredraget passar for alle som arbeider med, studerer eller berre er interessert i helsefag og biologi.

Og vi freistar ikkje berre med fagleg spisskompetanse - vi kan òg tilby gratis pizza! Baren er sjølvsagt òg open.

Ser deg der!

Lenke til facebook

Publisert 15. nov. 2011 13:33 - Sist endret 15. nov. 2011 13:38