
![]() |
![]() |
Om norsk samtidslyrikk
Ti-årsskjemaet og litteraturhistoriekritikken Litteraturhistorie er ein genre som likar ti-årsinndeling, der gammalt blir sett mot nytt, og omvendt, og generasjon mot generasjon. Genren litteraturhistorie har stått sentralt i den litteraturteoretiske diskusjonen sidan 60-åra(1), og den teoretiske problematiseringa av litteraturhistoria, har mellom anna ført til eit kritisk blikk på ti-årsinndelinga av litteraturhistoria. Men trass i påpeiking av ti-årsmodellens generaliserande, uhistoriske og einsrettande tendens, står ti-årskjemaet ganske. Dette kan ein til dømes sjå i nyare framstillingar av utviklingstendensar i lyrikken etter krigen. Når vi no skal sjå litt på samtidslyrikkens historie, kan vi kanskje hugse på eit sitat frå Walter Benjamins "Historiefilosofiske teser" (1939): "Å artikulere fortiden historisk er ikke det samme som å erkjenne "hvordan det egentlig var."(2) Eit anna sentralt namn i den teoretiske debatten om historieomgrepet og om litteraturhistoria som genre, er Paul de Man. Arild Linneberg påpeikar at det paradoksalt nok er i den mest "ahistoriske" teoridanninga ein finn den mest grunnleggjande problematiseringa av omgrepet historie i forhold til litteraturen - og han siterer de Man (i eiga oversetjing): "Kunne vi tenke oss en litteraturhistorie som ikke forflatet litteraturen ved å feilplassere seg, det være seg innenfor eller utenfor litteraturen, som helt og fullt tok hensyn til litteraturens aporier...".(3) Noko av poenget med å problematisere ti-årsinndelinga, er nettopp å tydleggjere at skjematisering av eit slikt mangfaldig felt som moderne litteratur utgjer, ikkje er i stand til å ta omsyn til "litteraturens aporier". Sagt på ein annan måte underminerer litteraturen sjølv den litteraturhistoriske ti-årsmodellen - fordi ulike typar litteratur og skrivemåtar lever side om side i den litterære offentlegheita, innafor ulike periodar. Litteraturhistoriske oppsummeringar har ein tendens til generalisering, og ein tendens til overfokusering på det nye, og dermed også ein hang til å fokusere på motsetningar. Men like fullt er evna til å fange litteraturens motsetningar, eller aporier, mangelfull.
"Den estetiske normen er et historisk faktum, og man må ta utganspunkt i dens historiske endringer. Også språknormene endres, selv om de er fastere enn de estetiske. Normene endres ved sin egen anvendelse, dvs. i bruken. Det enkelte kunstverk er alltid en inadekvat anvendelse av den estetiske norm, kunsten bryter uopphørlig mot den estetiske norm, den danner nye normer som avviker fra tradisjonen. Dette bruddet er et av kunstens avgjørende virkemidler. Når kunsten betraktes i lys av den estetiske norm, blir dens historie historien om opprøret mot de herskende normer." (5)Normene blir endra i bruk, seier Mukarovsky, og det betyr sjølvsagt også innafor ein forfattarskap. At ein forfattarskap endrar seg, at dei estetiske normene og formspråket kan variere frå verk til verk, er ikkje oppsiktsvekkande. Det som kanskje er meir oppsiktsvekkande, er at denne heilt elementære kunnskapen har ein tendens til å bli dekka over i litteraturhistoriske oppsummeringar, nettopp fordi ein gjerne vil plassere ein forfattarskap i eit bestemt tiår, under ei bestemt estetisk norm, i ein bestemt bås. Ein forfattarskap som har gått over fleire ti-år, som har utvikla seg, vil sprengja rammene for ti-årsskjemaet - fordi det ikkje tar omsyn til litteraturens aporier, som de Man sa.
Ein av dei som har prøvd å seia noko om nyorienteringa og om utviklinga i lyrikken på nitti-talet (ut frå ein slik syntesemodell), er forfattaren, kritikaren og forlagsmannen Geir Gulliksen. I eit interessant essay med tittelen "Virkelighet", som finst i essaysamlinga Virkelighet og andre essays"(6) (1996), peikar Gulliksen på ein tendens til meir "virkelighet" eller "virkelighetsfascinasjon" i norsk nittitalspoesi. Eit hovudpoeng hos Gulliksen er at 90-talets måte å skriva politisk lyrikk på, skil seg grunnleggjande frå 70-talets brukslyrikk og innhaldisme fordi nittitalspoesien har eit medvit om det spesifikt litterære, om formspråket. To av dei mest sentrale representantane for denne nyorienteringa i norsk samtidslyrikk er ifølgje Gulliksen Rune Christiansen og Niels Fredrik Dahl. Både Christiansen og Dahl høyrer absolutt til blant våre meir sentrale samtidspoetar, men det å kombinere det politiske med eit godt formspråk har røter langt tilbake, også i norsk samanheng. I den politiske avantgardetradisjonen, dvs ein språk-og ideologikritisk poesi, finn ein td. Georg Johannesen, Arnljot Eggen, Inger Elisabeth Hansen, Sigurd Helseth og Bjørn Aamodt. Dei tre siste, som er om lag på same alder, debuterte alle i 70-åra, men plasserer ein dei der, underslår ein både det normutfordrande, forandringa og kompleksiteten i lyrikken deira. Igjen kan ein stilla spørsmålet: kva er norsk samtidslyrikk? Dei som har debutert det siste ti-året, eller dei lyrikarane som på ulike måtar er med å løfta norsk lyrikk?
Neste ti-år som i sterk grad var prega av oppgjer med brukslyrikk og politisk litteratur, har Oftedal Andersen gitt den litt danskinspirerte overskrifta "Med kroppen som utgangspunkt: 80-åra". Kroppsmodernisme var eit omgrep som mellom anna den svært sentrale danske kritikaren Erik Skyum-Nielsen brukte for å fanga nyorienteringa hos den store danske lyrikargenerasjonen på 80-talet, dei såkalla "nye lyrikere". "De nye lyrikere", særleg Søren Ulrik Thomsen, Michael Strunge og Pia Tafdrup var ei viktig inspirasjonskjelde for heile den nordiske poesien på 80-talet. Skyum-Nielsen meinte at "kroppsmodernisme" var eit dekkande omgrep "al den stund disse digtere (...) deler en mægtigt favnende stræben, der stedse tager udgangspunkt i det nærmeste og allermest konkrete: kroppen og den udsatte subjektive eksistens, for så at spænde digtet op i stejle personlige visioner - af annerledes sprog, annerledes liv." (9) Denne insisteringa på kropp er vel eigentleg berre ein litt annaleis måte å formulere den subjektive og eksistensielle dreiinga som ein finn både i dansk og norsk lyrikk på 80-talet, som igjen har samanheng med restitueringa og aktiviseringa av modernisme og estetikk. Men når Oftedal Andersen skriv om norsk 80-talslyrikk at avvisinga av "det kollektive og historiske som utgangspunkt for forståing av livet førte til ei leiting etter noko nytt ein kunne samla identitetsforståinga rundt. Og det ein rask fall ned på, var seksualiteten og den personlege kroppsopplevinga," (10)blir det ein vel snever karakteristikk av 80-talspoesiens aukande interesse for meir individuelle og eksistensielle problemstillingar. Det høyrest langt betre ut når han straks etterpå legg til at 80-åra nok først og fremst er dominert av pluralisme og av ulike litterære praksisar. Mitt poeng er at det ikkje er spesielt for 80-åra, men noko som særpregar den moderne litterære institusjonen. Thomsens poetikk og dansk firserpoesi fekk som nemnd ovanfor stor betydning mange av dei forfattarane som debuterte på 80-talet. Jon Fosse, som sjølv markerte seg teoretisk i oppgjeret med realisme-estetikken, har framheva denne danske innflytelsen: "Thomsens poetikk har hatt mykje å seie for min generasjon av lyrikarar og intellektuelle, ikkje berre i Danmark, men og i Sverige og Noreg".(11) Med si insistering på ein hermetisk poesi i poetikken Mit lys brænder, skreiv Thomsen seg inn i den autonomiestetiske tradisjonen, og i tråd med læra om kunstens autonomi, hevda han at kunsten ikkje har korkje kommunikative eller sosiale plikter. Det var dette oppgjeret med brukslyrikk og realisme som gjorde han til ein "talsmann" for den nye forfattargenerasjonen. I vår samanheng kan det vera interessant å peika på at Thomsen i essayet "Farvel til det blå rum"(12) rettar eit kritisk blikk på generasjonsomgrepet og dets følgjesvenn, tiårsomgrepet, begge - til dels medieskapte, litteraturhistoriske konstruksjonar, som ikkje interesserte seg for "de forskelle, der hele tiden havde været mellom os".
Cathrine Grøndahl debuterte som ein "ekte spykåt bulimist"(13) i kommunikativ opposisjon til 80-talsanoreksien. Diktet hennar frå debutsamlinga Riv ruskende rytmer (-94), "Tom trussel", kan lesast som ein protest mot kanonisering av den meir formstrenge, minimalistiske - og til dels gravalvorlege norske poesitradisjonen, og som ein øyrefik til kritikkens dominante smak: "Smalsynte sultekunstnere / vil sette oss alle på fastekur / De vil fjerne det overflødige slammet / så all senere grobunn utarmes! / De vil presse våre vårlige utskudd / inn i sine åletrange livsformer, / som aldri har passet oss, for / Her Står Vi / i all vår vakre og truende overflod". I Grøndahls lyrikk møter vi eit tiltalande sjølvironisk mot - som opnar for humor, for det overflødige, det leikande, det munnlege og det utprøvande. Eg trur at desse litt snakkesalige 90-talsdebutantane, ulike som dei også er, hadde eit poeng når dei påpeika at den hermetiske minimalismen (Ulven, Mjelve, Haugen mfl.) er blitt framheva på bekostning av ein meir utagerande og "ekspressiv" modernismetradisjon (td. Yttri, Moe, Vindtorn, Berg), og på bekostning av den meir politiske modernismetradisjonen (td. Hansen, Helseth, Aamodt).
Når eg avslutningsvis vel ut Bildøen, er det ikkje for å gjere henne til representant for korkje ein forfattargenerasjon eller for visse spesifikt nittitalske litterære tendensar. Eg likar Britt Bildøen sine dikt fordi ho skriv enkelt, utan å vera enkel. Dessutan er humor nesten eit ukjent ord norsk lyrikktradisjon, og kanskje særleg i nynorsklyrikken. Dikta hennar har ofte ein humoristisk brodd. Utan å bli vondsinna, kan ho vera krass, samtidig som vi anar ei viss medkjensle med "offeret". Offeret kan td. vera mannen – slik som debutsamlinga hennar, Bilde av menn (1991).
han er ein gledestrålandeSom vi veit har ikkje inkjekjønn ending i ubestemt fleiretal på nynorsk, og bilde er difor ei fleirtalsform. Det er vesentleg, for som tittlen Bilde av menn gir beskjed om, gir ikkje dikta eitt bilde av mannen, men fleire – det siterte diktet er berre ein innfallsvinkel til det uutømmelege temaet menn. Vi møter i denne samlinga dikt med eit skarpt, observerande blikk, men sjølv om blikket avslører, er det likevel generøst. Blikket, både det å sjå og det å bli sett, blir i Bildøens andre diktsamling, På visse tider av døgnet (1994) kopla saman med andre sentrale tematiske element som språk og kjærleik. Det som karakteriserer dikta hennar er eit visst tvisyn, eit litt skeivt blikk på røyndomen og ein konstanterande usentimentialitet. Ikkje minst interesserer dikta hennar seg for forholdet mellom kjønna, og for kjærleiken – ho skriv gode kjærleiksdikt. Alvor og humor balanserer side om side, ikkje som eit anten-eller, men heller som eit både/og. Men kanskje er det først og fremst ein fandenivoldsk opimisme som gir seg uttrykk i ein vilje til "å blåse mot urvisarane" og i ei insistering på at det alltid vil kome "nye dagar, nye / vindar og nye måtar / å snu vindane på ("Viten og vindar")som gjer at eg likar Britt Bildøen sine dikt. Slik som nittitalsdiktet "Men det finst dagar" – ja, for eit nittalsdikt er det: eg vil vere kjært barn ![]() Fotnoter:(1) Viktige bidrag i norsk samanheng: Georg Johannesens pamflett Om Norges litteratur (1975), Atle Kittang (m.fl.): Om litteraturhistorieskriving. Perspektiv på litteraturhistoriografiens vilkår i europeisk og norsk samanheng. (1983). Arild Linneberg har skrive fleire artiklar om emnet.(2) Ibid. s.102 og 96. (3) Arild Linneberg: "Historie og samfunn" i Kittang (m.fl.): Moderne litteraturteori. En innføring. Oslo 1993, s. 174. (4) I.bind., s. 69. (5) Jan Mukarovsky: "Estetisk verdi som sosialt faktum" med sammendrag av "Den estetiske norm" v/ Arild Linneberg i Strukturalisme i litteraturvitenskapen, Oslo 1978, s. 68. (6) Essayet er også publisert i bokklubbladet Lyrikkmagasin nr. 7 (-96). (7) Gro Byrkjeland: "Dobbelheten i blikket" om Inger Elisabeth Hansen i Vinduet 2/97. (8) Landslaget for norskundervisning (LNU), Cappelen Akademisk Forlag, Oslo 1998. (9) Erik Skyum-Nielsen: "Søren Ulrik Thomsen" i Kompendium til Nordisk forfattarmøte, Vossajazz 1993. (10) Hadle Oftedal Andersen (red): Poesiens pil. Lyrikk 1959- s. 175. (11) Jon Fosse: "Kva er Gud?" i Vinduet 1992. (12) Søren Ulrik Thomsen: En dans på gloser, Kbh. (1996)
(13) Karin Moe sitt uttrykk.
|
| [Tilbake til hovedsiden] [Et utvalg tekster] [Til toppen av siden] |
|
|